dc.description.abstract | Klimaproblemet er eit globalt problem; utsleppa frå kvart land påverkar klimaet i alle andre land. Løysingane krev derfor samarbeid og koordinering på tvers av land. Det knyter seg store utfordringar til å finne rettferdige løysingar på kven som skal bere byrdene (inntektsfordeling), og løysingar på kvar utsleppa skal kuttast for å størst muleg effekt ut av innsatsen (effektivitet).
Denne rapporten drøftar først ulike prinsipp for byrdefordelinga ved klimatiltak, og prinsippa for effektive tiltak. Vi går gjennom ulike prinsipp frå litteraturen og diskuterer i kva grad disse overlappar kvarandre. Sidan dei ulike prinsippa ikkje samsvarer med kvarandre, kan det vere vanskeleg å gjennomføre fleire samtidig, sjølv om ein kan vere einige i fleire prinsipp kvar for seg.
Vi diskuterer vidare økonomiske prinsipp for kostnadseffektive klimatiltak. For at ein skal oppnå størst muleg klimaeffekt innanfor dei midla ein set av, må ein realisere dei billigaste tiltaka. Svært mange av dei billigaste tiltaka er å finne i utviklingsland.
Norske utslepp utgjer berre 1 promille, og sjølv omfattande kutt i disse vil praksis ikkje påverke den globale oppvarminga. Men vi er så rike - nesten 1 prosent av globalt BNP - at vi likevel kan gjere ein betydelig forskjell ved å bruke av inntektene på kostnadseffektive tiltak i andre land. Størst muleg kutt for gitte kroner tilseier vesentlege kutt ute.
Kor store beløp vi skal bruke er et politisk spørsmål, og i bunn og grunn ei avveging mot mindre privat og offentleg forbruk, eller lågare framtidige pensjonar | no_NO |