Funksjonshemma på arbeidsmarknaden i 2013
Report
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3119708Utgivelsesdato
2013-11Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Rapporter / Reports (SSB) [1690]
Sammendrag
Formålet med undersøkinga er å kartlegge situasjonen for dei funksjonshemma på
arbeidsmarknaden og sjå korleis den utviklar seg over tid.
Nær 17 prosent av befolkninga i alderen 15-66 år oppgav i 2. kvartal 2013 å ha ei
funksjonshemming, her definert som fysiske eller psykiske helseproblem av meir
varig karakter. Av desse var 43 prosent i arbeid, mens det i befolkninga totalt var
74 prosent i arbeid. For menn med funksjonshemming gjekk sysselsettingsprosenten opp frå 43 til 46 frå 2012 til 2013. Størst oppgang var det blant dei under
40 år. For kvinner i alt var det inga signifikant endring frå eit nivå på 40 prosent,
men oppgang i aldersgruppa 55-66 år.
I 2002, då ei tilsvarande undersøking blei gjennomført for første gong, var det like
mange som oppgav å ha ei funksjonshemming som i 2013. Frå 2002 til 2013 har
sysselsetjingsprosenten falle med om lag tre prosentpoeng for dei funksjonshemma,
samanlikna med to prosentpoeng for heile befolkninga.
Blant dei funksjonshemma hadde 45 prosent av dei sysselsette ein deltidsjobb i 2.
kvartal 2013, mens dette gjaldt for berre 26 prosent av dei sysselsette i alt. Over
lengre tid har utviklinga gått i retning av fleire på deltid blant menn med funksjonshemming.
57 prosent av dei tilsette hadde fått arbeidssituasjonen tilpassa funksjonshemminga.
Dette er i tråd med resultata for dei føregåande fem år. Jamført med 2002, då dette
spørsmålet var med for første gong, er det ein auke på 14 prosentpoeng. Av dei
som ikkje hadde fått noka tilrettelegging i 2013, meinte 16 prosent at det var behov
for dette.
27 prosent av dei funksjonshemma som ikkje var i arbeid i 2. kvartal 2013, ønskte
seg eit arbeid. Det er på same nivå som i 2002, då desse undersøkingane starta opp,
og dessutan nokså likt med dei fem siste åra når ein tar omsyn til feilmarginen. Av
befolkninga i alt som ikkje var i arbeid, var det 32 prosent som ønskte seg arbeid.
Ikkje alle som ønskjer arbeid, blir rekna som arbeidsledige slik dette blir definert i
statistikken. Av dei 86 000 funksjonshemma med ønske om arbeid var det 20
prosent (17 000) som blei klassifiserte som arbeidsledige. Til samanlikning var det
287 000 ikkje-sysselsette i heile befolkninga med ønske om arbeid, og av dei blei
32 prosent (98 000) rekna som ledige, slik dette er definert i AKU.
To av tre personar med funksjonshemming oppgav i 2.kvartal 2013 å motta ein
eller fleire stønader som følgje av funksjonshemminga. Av dei sysselsette
funksjonshemma var 41 prosent stønadsmottakarar. Av desse igjen mottok
halvparten uførepensjon.
For dei som deltok i undersøkinga både i 2012 og i 2013, var 33 prosent sysselsett
på begge tidspunkt, mens 56 prosent var utanfor arbeidsstyrken. Om lag 7 prosent
gjekk ut av sysselsetting og 2 prosent motsett veg.