Den konjunkturpolitiske handlefridomen i finanspolitikken
Original version
Sosialøkonomen, Årg. 16, nr. 4 (1962), S. 4-12Abstract
I moderne finanspolitisk litteratur er det vanleg å gå ut frå at statsfinansane skal spele ei viktig rolle i konjunkturpolitikken, dvs. i dei offentlege freistnadene
på å få til ein etterspurnad etter varer og
tenester som til kvar tid er stor nok, men ikkje
større, enn det som trengst for å skape full sysselsetting
og tilstrekkeleg høg utnytting av produksjonsutstyret.
2 ) Denne rolla blir i finansteorien og
endå meir i numeriske makro-økonomiske modellar,
studert under førsetnad av at det offentlege er ei
avgjerdseining som etter måten fritt kan fastsette
storleiken av sine styringsvariable. 3) Vanlegvis ser
ein bort frå at vi har ei funksjonsdeling mellom
sentrale og lokale styresmakter,
at avgjerder jamvel innanfor statsadministrasjonen
i stor monn er desentraliserte,
at eit stort kompleks av lovreglar, stortingsvedtak,
avtaler av ymse slag, fråsegner frå storting og regjering
og meir eller mindre fast sedvane legg band
på finanspolitikken og endeleg at den måten som vedtak blir til og sett iverk på,
skil seg mye frå det enkle «å velje storleiken av dei
styringsvariable», mellom anna fordi demokratiske
statar har ei politisk maktfordeling og ein tingingsstrategi
for løysing av interessekonfliktar, der politiske parti og organisasjonar av ymse slag spelar ei viktig rolle.