• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Statistisk sentralbyrå
  • Statistisk sentralbyrås publikasjonsserier / Published by Statistics Norway
  • Rapporter / Reports (SSB)
  • View Item
  •   Home
  • Statistisk sentralbyrå
  • Statistisk sentralbyrås publikasjonsserier / Published by Statistics Norway
  • Rapporter / Reports (SSB)
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Tannhelse blant vaksne i Sverige og Noreg. Ein sosioøkonomisk analyse

Ekornrud, Trond; Skjøstad, Othilde
Report
Thumbnail
View/Open
RAPP2016-28_web.pdf (1.245Mb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/2442850
Date
2016-10-04
Metadata
Show full item record
Collections
  • Rapporter / Reports (SSB) [1734]
Abstract
Opplysningar frå Sverige kan seie mykje om korleis tannhelsetenesta i Noreg er organisert og blir brukt. For første gong har SSB gjort ei samanlikning mellom dei to landa.

Denne rapporten skal auke kunnskapen om tannhelsetilstand, bruk av tannhelsetenester og utgifter til tannbehandling i den vaksne befolkninga i Noreg. I samband med dette har data frå Sverige blitt brukt til å seie noko om norske tannhelseforhold. Tannhelsetilstand, bruken av tannhelsetenester og utgifter ved tannbehandling er òg samanlikna etter sosioøkonomiske forhold som utdanning, inntekt og mottak av ulike stønader i den vaksne befolkninga.

Tre stønadsordningar for tannlegepasientar i grannelandet

SSB har i tillegg samanlikna organisering og finansiering av tannhelsetenesta i Noreg og Sverige. I Noreg er tannhelsetenesta todelt mellom offentleg og privat sektor. Den offentlege tannhelsetenesta er statleg finansiert og tilbyr gratis eller delvis subsidierte tenester til prioriterte grupper. Vaksne skal i hovudsak nytte tenester i privat sektor og må betale for tenestene sjølv. Berre personar med spesielle sjukdomar og lidingar kan få refundert sine behandlingsutgifter. I Sverige er tannhelsetenesta organisert på ein liknande måte som i Noreg. Finansieringssystemet der er derimot nokså annleis. I Sverige finst det tre ulike statlege stønadsordningar for den vaksne befolkninga. Til dømes får alle eit årleg beløp til undersøking og behandling, eit såkalla allmänt tandvårdsbidrag.

Dårleg økonomi held folk unna tannlegestolen

Funna viser fleire samanfallande resultat mellom Sverige og Noreg. I begge land er det sosiale forskjellar både når det gjeld bruken av tannhelsetenester, tannhelsetilstand og utgifter ved tannbehandling.

Kvinner går oftare til tannlegen enn menn, og bruken av tenesta aukar med stigande inntekt og utdanning i begge land. Samstundes er forskjellen mellom bruken av tenesta i dei lågaste og høgaste inntektsgruppene større i Sverige enn i Noreg.

Det udekte behovet for tannlegetenester er nokså likt, og i begge land er økonomi den viktigaste årsaka til at folk ikkje går til tannlegen trass behov. Det er elles slik at det udekte behovet er størst blant personar med låg inntekt i begge land. Samstundes viser tala at det udekte behovet har blitt mindre i både Sverige og Noreg dei siste ti åra.

I begge land blir tannhelsa svekka med alderen. Vidare betrar tannhelsa seg med stigande inntekt og utdanning, og kvinner har noko dårlegare tannhelse enn menn i både Sverige og Noreg.

Arbeidet med rapporten er finansiert av Helse- og omsorgsdepartementet.
Publisher
Statistisk sentralbyrå
Series
Rapporter;2016/28

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit