Bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi i næringslivet 2000
Report
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3017566Utgivelsesdato
2001-12-27Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Rapporter / Reports (SSB) [1689]
Sammendrag
Denne rapporten skildrar bruken av informasjons- og kommunikasjonsteknologi i næringslivet i 2000. Resultata
byggjer på ei utvalsbasert undersøking som Statistisk sentralbyrå gjennomførte kring årsskiftet 2000/2001.
Undersøkinga femna om vel 4 800 private føretak.
Definisjonar av tekniske uttrykk og omgrep presenterast i eit eige oversyn, men vert også gjorde greie for i dei enkelte
kapitla.
Bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi var utbreidd i næringslivet ved utgangen av 2000. Så godt som
alle føretak hadde teke i bruk informasjonsteknologi. Tilgangen til Internett var også stor. Resultata syner at 3 av 4
føretak hadde tilgang til Internett. Vel 2 av 10 føretak hadde Intranett, medan under 1 av 10 brukte Ekstranett. EDI
var ein mindre utnytta teknologi enn Internett. I 2000 brukte 2 av 10 føretak EDI. Berre kvart tiande føretak med
minst ti sysselsette