Årsak til sluttdato: Kvalitet, konsistens og bruk i statistikkproduksjon
Working paper

View/ Open
Date
2024-12Metadata
Show full item recordCollections
- Notater / Documents [894]
Abstract
Variabelen årsak til sluttdato har inngått i a-ordninga frå og med 1. januar 2021. Rapporteringa er
obligatorisk for alle ordinære og maritime arbeidsforhold. Formålet med dette notatet er å vurdere
datakvaliteten til variabelen årsak til sluttdato, ettersom variabelen no har vore innrapportert i a ordninga over ein lengre tidsperiode. I tillegg undersøker notatet moglegheita for bruk av variabelen
i statistikkproduksjon og samanhengen med tilsvarande variabel og bruk i Arbeidskraftunder søkinga. Analysen dekker perioden frå januar 2021 til mai 2024, og tar utgangspunkt i statistikken
Antall arbeidsforhold og lønn. Notatet beskriv fyrst datakjelda til og databehandling av variabelen,
samt avgrensing av datagrunnlaget og metoden som vert anvendt.
Funna i notatet viser ei forholdsvis stabil utvikling i rapporteringa av årsak til sluttdato over
perioden, men også tydelege sesongeffektar. Resultata viser noko avvik i talet på rapporterte
arbeidsforhold med sluttårsak mellom påfølgjande periodar, som følgje av sesongvariasjonen i
dataa. Når ein samanliknar antalet mellom same periode for to påfølgjande år, finn ein derimot at
avviket er relativt lite. Funna er tilsvarande for ordinære arbeidsforhold ettersom dei ligg nære
fordelinga til alle arbeidsforhold med obligatorisk rapportering. Rapporteringa for maritime
arbeidsforhold varierer derimot i noko større grad, utan eit klart mønster over perioden. Noko som i
stor grad kan bli forklart av eit avgrensa tal på rapporterte maritime arbeidsforhold. Dette påverkar i
liten grad datakvaliteten til variabelen. Vidare finn ein at omfanget av arbeidsforhold med
manglande verdi for sluttårsak utgjer ein ikkje ubetydeleg andel av totalen, som kan tyde på at det
er noko uvisse i datagrunnlaget i klargjord datatilstand. Ein finn også at det generelt er få arbeids forhold som endrar rapporteringsverdi av sluttårsak mellom to påfølgjande månader, og ein klar
nedgåande trend i andelen som endrar sluttårsak over observasjonsperioden. Andelen ser vidare ut
til å stabilisere seg på eit lågare nivå mot slutten av perioden. Funna frå analysen kan tilseie at
konsistensen i rapporteringa aukar ved at rapporteringsperioden til variabelen aukar.
Vidare finn ein at datagrunnlaget i klargjord datatilstand er avgrensa på så måte at ein del relevant
informasjon for variabelen fell vekk, noko som gjer bruken av variabelen i statistikkproduksjon
utfordrande i nåverande produksjonsforløp. For å sikre tilstrekkeleg datakvalitet for variabelen vil
ein derfor måtte hente informasjon frå inndata ved eventuell statistikkproduksjon som inkluderer
variabelen. Funn frå kartlegginga av variabelen i inndata viser også at andelen som manglar verdi
for sluttårsak går mot null, noko som understrekar nødvendigheita for bruk av variabelen i
inndatatilstand ved eventuell statistikkproduksjon, da det vil redusere uvissa i datagrunnlaget.
Samanlikninga mellom rapporteringa av sluttårsak i a-ordninga og tilsvarande variabel i
Arbeidskraftundersøkinga (AKU), finn at det er lite samsvar mellom variablane, slik det er no. Dette
kjem av ulike avgrensingar av datagrunnlaga og forskjellar mellom variabelverdiane for dei to
datakjeldene. Ein kan samanstille kjeldene om ein koplar på personnivå (mikrodatanivå) i
inndatatilstand, men dette blir vurdert til å vere utanfor ramma til dette notatet.
Det blir konkludert med at kvaliteten på innrapporteringa av variabelen er god nok til bruk i
statistikkproduksjon ved bruk av inndata. Variabelen kan i prinsippet brukast i statistikkproduksjon
frå inndatatilstand, men det er ikkje lagt opp til dette slik databehandlinga og ferdigstillinga av
statistikkdata føregår no, og det vil derfor krevje ein del ekstra tilrettelegging. Omarbeidinga av
produksjonsløpet vil skje i 2025 og 2026 i moderniseringa av a-ordninga. Det er ikkje ressursar eller
moglegheit for å lage statistikk for denne variabelen før moderniseringa er fullført.