Årsrapport 2015. Kontaktutvalet for helse- og omsorgsstatistikk og sosialstatistikk
Working paper
Published version

View/ Open
Date
2016-04-15Metadata
Show full item recordCollections
- Notater / Documents [887]
Abstract
Notatet gjer greie for verksemda i Kontaktutvalet for helse- og omsorgsstatistikk og sosialstatistikk i 2015. Det inkluderer utvalet si avtale, mandat og representasjon (kapittel 1), aktiviteten i utvalet (kapittel 2), oversikt over arbeidsgruppene som rapporterer til utvalet (kapittel 3) og sakene i utvalet i 2015 (kapittel 4).
Utvalet si avtale, mandat og representasjon blei drøfta og endra i 2013, og har i all hovudsak vore uendra i 2015. Avtala er vedlagt notatet (jf. Vedlegg I).
Utvalets aktivitet i 2015 bestod av tre møte haldne i mars, mai og september. Kontaktutvalet sitt møte som var sett til november blei ikkje gjennomført. Til møta blei det utarbeidd referat som alle er godkjent (jf. Vedlegg II-IV).
Arbeidsgruppene som rapporterer og soknar til utvalet er uendra frå 2014 og har vore uendra i ei årrekkje. Dei aktuelle arbeidsgruppene har anten sitt utspring i spesialisthelsetenesta eller i KOSTRA (Kommune-stat-rapporteringa).
Sakene i utvalet for 2015 omhandla fleire tema. Av dei som kan trekkjast fram var blant anna saka om eit nytt kommunalt helse- og omsorgsregister (KPR) og gjennomgangen av ulike punkt i samarbeidsavtalen mellom SSB og den sentrale helse og sosialforvaltninga om helse- og omsorgsstatistikk og sosialstatistikk. På alle møta var ulike forvaltningseiningar representert og fleire bidrog med å kasta lys over saker.