Kva ligg bak utviklinga i klimagassutsleppa på 1990-tallet?
Original version
Økonomiske analyser, Årg. 21, nr 5 (2002), S. 3-8Abstract
Utsleppa av klimagassane CO2 , metan og lystgass auka med 15 prosent i løpet av 1990-åra, men utsleppsveksten
var likevel langt lågare enn den økonomiske veksten. Grunnen til at klimautsleppa ikkje auka like
raskt som bruttonasjonalproduktet er hovudsakeleg meir effektiv energiutnytting, auka bruk av energitypar
som gjev mindre utslepp og tiltak retta mot prosessutslepp. Samanlikna med disse effektane finn vi at
avgifta på CO2 som vart innført i 1991 berre har spela ei mindre rolle. Klimaavgifta er sett på som det viktigaste
klimapolitiske verkemiddelet, og i 1999 var gjennomsnittsavgifta 165 kroner per tonn CO2 , noko
som er svært høgt i internasjonal samanheng. Men i vårt overslag finn vi at avgifta reduserte CO2-utsleppa
med berre 2 prosentpoeng. Avgifta varierer sterkt mellom sektorar, og på mange måtar er den høgast der
den verkar minst og omvendt. Konkurranseutsette sektorar, der avgifta ville ha medført store omstillingar,
har omfattande unntak, medan oljesektoren og transportsektoren som i liten grad let seg påverke har relativt
høge satsar.
Description
Økonomiske analyser er tilgjengelige via www.ssb.no