Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBruvoll, Annegrete
dc.date.accessioned2012-02-19T18:52:21Z
dc.date.available2012-02-19T18:52:21Z
dc.date.issued2007
dc.identifier.issn1892-7513
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/181299
dc.description.abstractKlimaproblemet er eit globalt problem; utsleppa frå kvart land påverkar klimaet i alle andre land. Løysingane krev derfor samarbeid og koordinering på tvers av land. Det knyter seg store utfordringar til å finne rettferdige løysingar på kven som skal bere byrdene (inntektsfordeling), og løysingar på kvar utsleppa skal kuttast for å størst muleg effekt ut av innsatsen (effektivitet). Denne rapporten drøftar først ulike prinsipp for byrdefordelinga ved klimatiltak, og prinsippa for effektive tiltak. Vi går gjennom ulike prinsipp frå litteraturen og diskuterer i kva grad disse overlappar kvarandre. Sidan dei ulike prinsippa ikkje samsvarer med kvarandre, kan det vere vanskeleg å gjennomføre fleire samtidig, sjølv om ein kan vere einige i fleire prinsipp kvar for seg. Vi diskuterer vidare økonomiske prinsipp for kostnadseffektive klimatiltak. For at ein skal oppnå størst muleg klimaeffekt innanfor dei midla ein set av, må ein realisere dei billigaste tiltaka. Svært mange av dei billigaste tiltaka er å finne i utviklingsland. Norske utslepp utgjer berre 1 promille, og sjølv omfattande kutt i disse vil praksis ikkje påverke den globale oppvarminga. Men vi er så rike - nesten 1 prosent av globalt BNP - at vi likevel kan gjere ein betydelig forskjell ved å bruke av inntektene på kostnadseffektive tiltak i andre land. Størst muleg kutt for gitte kroner tilseier vesentlege kutt ute. Kor store beløp vi skal bruke er et politisk spørsmål, og i bunn og grunn ei avveging mot mindre privat og offentleg forbruk, eller lågare framtidige pensjonarno_NO
dc.language.isonobno_NO
dc.publisherStatistisk sentralbyråno_NO
dc.relation.ispartofseriesRapporter;2007/46
dc.subjectKlimapolitikkno_NO
dc.subjectNorgeno_NO
dc.subjectUtslipp til luftno_NO
dc.subjectCO-2no_NO
dc.subjectKlimagasserno_NO
dc.subjectKlimaendringerno_NO
dc.subjectKlimatiltakno_NO
dc.subjectØkonomisk politikkno_NO
dc.subjectGlobal oppvarmingno_NO
dc.titleNorsk klimapolitikk. Tiltak innanlands versus tiltak i andre landno_NO
dc.typeReportno_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Economics: 210::Economics: 212no_NO
dc.source.pagenumber20 s.no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel