Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBø, Tor Petter
dc.contributor.authorHåland, Inger
dc.date.accessioned2017-05-09T11:53:21Z
dc.date.available2017-05-09T11:53:21Z
dc.date.issued2016-11-29
dc.identifier.isbn978-82-537-9423-5
dc.identifier.issn0806-2056
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2442033
dc.description.abstractFormålet med å gjennomføre årlege undersøkingar om personar med nedsett funksjonsevne er å kartlegge deira situasjon på arbeidsmarknaden og sjå korleis tilknytinga utviklar seg over tid. Ved at undersøkingane blir gjennomførte i form av tilleggsspørsmål til Arbeidskraftundersøkinga (AKU), kan utviklinga også samanliknast med den som gjeld for befolkninga totalt. Funksjonshemming blir her definert som fysiske eller psykiske helseproblem av meir varig karakter, basert på sjølvrapportering via intervju. I 2016 oppgav 18 prosent av befolkninga i alderen 15-66 år å ha ei funksjonshemming. Av desse var 44 prosent i arbeid, om lag same nivå som dei tre føregåande åra. Til samanlikning var det i befolkninga totalt 73 prosent i arbeid i 2. kvartal 2016, ein nedgang på eitt prosentpoeng det siste året. For funksjonshemma i alderen 15-24 år gjekk prosent-delen sysselsette markant ned frå 2013 til 2016. Det er i tråd med utviklinga for ungdom generelt. Over halvparten av dei tilsette har fått arbeidssituasjonen tilpassa funksjons-hemminga i form av endringar i arbeidsoppgåvene, i arbeidstida eller fysisk tilrettelegging av arbeidsplassen. Dette er i tråd med resultata sidan 2007. Samanlikna med 2002, då dette blei kartlagt for første gong, er det ein auke på 12 prosentpoeng. Det er i første rekke fysisk tilrettelegging av arbeidsplassen stadig fleire har fått. Blant dei funksjonshemma som ikkje var i arbeid i 2. kvartal 2016, var det 24 prosent i aldersgruppa 15-66 år som ønskte seg eit arbeid. Denne prosentdelen har stort sett halde seg på dette nivået sidan undersøkingane starta opp i 2002, når ein tar omsyn til feilmarginen i utvalsundersøkinga. Av befolkninga i alt som ikkje var i arbeid, var det 32 prosent som uttrykte ønske om arbeid i 2016. Ikkje alle som ønsker arbeid, blir rekna som arbeidsledige slik dette er definert i AKU. Av dei 85 000 funksjonshemma med ønske om arbeid var det 25 000 som blei klassifiserte som arbeidsledige i 2. kvartal 2016, ein auke på 10 000 frå same kvartal året før. Auken kom i hovudsak blant menn. I prosent av alle menn med funksjonshemming auka arbeidsløysa frå 3,7 til 6,0 prosent. 62 prosent av alle med funksjonshemming oppgav i 2016 at dei mottar ein eller fleire stønader som følgje av funksjonshemminga. Av dei som var i arbeid, var 36 prosent stønadsmottakarar. Tala for stønadsmottak har halde seg relativt stabile over fleire år. For dei som deltok i undersøkinga både i 2015 og i 2016, var 37 prosent av dei funksjonshemma sysselsette på begge tidspunkt, mens 49 prosent var utanfor arbeidsstyrken. Om lag 8 prosent gjekk ut av sysselsetting og 5 prosent motsett veg. Hovudresultata frå desse undersøkingane blir publiserte i byrjinga av september kvart år på Statistisk sentralbyrås internettsider: http://www.ssb.no/akutu, der det også er lenke til dei årlege rapportane.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherStatistisk sentralbyrånb_NO
dc.relation.ispartofseriesRapporter;2016/33
dc.subjectFunksjonshemmedenb_NO
dc.subjectSysselsettingnb_NO
dc.subjectArbeidsmarkednb_NO
dc.titleFunksjonshemma på arbeidsmarknaden i 2016nb_NO
dc.typeReportnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Sosialt arbeid: 360nb_NO
dc.source.pagenumber39 s.nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel