Frisklivssentralar i kommunane : Kartlegging og analyse av førebyggande og helsefremjande arbeid og tilbod
Report

View/ Open
Date
2016-02-22Metadata
Show full item recordCollections
- Rapporter / Reports (SSB) [1733]
Abstract
Stadig fleire kommunar vel å etablere frisklivssentralar. Mellom 2011 og 2014 har det vore ei dobling av talet på kommunar som har etablert tilbodet.
Det overordna føremålet med rapporten er å bidra til å styrke kunnskapsgrunnlaget om det førebyggande helsearbeidet i kommunane generelt og for frisklivssentralar spesielt.
Den breie kartlegginga av frisklivssentralar som blei gjennomført i samband med KOSTRA-rapporteringa for 2013-årgangen, har gjort det mogleg å sjå nærmare på innhaldet på frisklivssentralane i kommunane, både når det gjeld kor mange som har etablert tilbodet, korleis dei har valt å organisere tenesta, kva omfanget av tilbodet er, kor mange som nyttar seg av tilbodet, kva aktørar dei samarbeider med og kor mykje personell som jobbar der