Avanseundersøking for engroshandel
Report
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3001230Utgivelsesdato
2001-05-14Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Rapporter / Reports (SSB) [1686]
Sammendrag
Norske bedrifter innanfor engroshandel hadde ei bruttoforteneste på 18 prosent for selde handelsvarer i 1998. Dette
er litt lågare enn resultata frå ei tilsvarande undersøking i 1985. Den gongen var bruttofortenesta på 20 prosent.
Totalt selde dei 17 818 bedriftene innanfor engroshandel for 463 milliardar kroner i 1998. Varekostnaden utgjorde
379 milliardar kroner, medan bruttofortenesta var på 84 milliardar kroner. Desse beløpa inkluderer ikkje meirverdiavgift. 26,7 prosent av salsinntektene kom frå sal av nærings- og nytingsmiddel, medan 10,2 prosent kom frå sal av
motorkøyretøy, landbruksmaskiner og anleggsmaskiner med utstyr og rekvisita. 7,9 prosent av salsinntektene kom frå
sal av datamaskiner og utstyr, og 6,4 prosent kom frå sal av byggjevarer, fargevarer og beslagvarer. Bruttofortenesta
til næringshovudgruppa engroshandel med nærings- og nytingsmiddel var 10,4 prosent i 1998. Dette var den
næringshovudgruppa med lågast bruttoforteneste. Høgast bruttoforteneste var det for sal av klede, med 28,3
prosent