Prisindeks for tenesteytande næringar
Report
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3001234Utgivelsesdato
2001-06-15Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Rapporter / Reports (SSB) [1689]
Sammendrag
nnanfor næringsområdet forretningsmessig tenesteyting er omfanget av statistikk lite om vi jamfør med dei meir
tradisjonelle næringane. Dette gjeld spesielt prisstatistikk. Målet med dette utviklingsprosjektet er å kome fram til
prisindeksar for nokon av næringane innanfor forretningsmessig tenesteyting.
Fire næringar vart plukka ut: databehandlingsverksemd, arkitekttenester, teknisk konsulentverksemd og annonse- og
reklameverksemd. Samla har desse næringane om lag 50 prosent av omsetninga innanfor forretningsmessig tenesteyting. Ein fellesnemnar for næringane er at dei alle produserer tenester som ofte er unike. Same teneste med akkurat
dei same eigenskapane blir sjeldan eller aldri produsert fleire gonger. Det gjer det vanskeleg å jamføre prisar.