Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEkornrud, Trond
dc.contributor.authorSkjøstad, Othilde
dc.contributor.authorTexmon, Inger
dc.coverage.spatialNorgeen_US
dc.date.accessioned2022-08-01T11:16:06Z
dc.date.available2022-08-01T11:16:06Z
dc.date.issued2015-09
dc.identifier.issn0806-2056
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3009613
dc.description.abstractDen vaksne befolkninga 21 år og eldre skal i utgangspunktet betale for behandling hos tannlege og tannpleiar sjølve. Folketrygda gir likevel heil eller delvis økonomisk støtte til personar med særlege tannbehandlingsbehov, jf. Lov om folketrygd § 5-6. I 2014 var det 15 ulike lidingar og sjukdomstilstandar, såkalla innslagspunkt, som gav rett til refusjon frå folketrygda for undersøking og behandling. Tannhelserefusjonane skal ideelt sett fordelast etter behovet til pasienten. Det betyr at tannhelserefusjonane skal fordelast uavhengig av regionale og sosioøkonomiske faktorar. Desse faktorane kan likevel tenkjast å påverke korleis refusjonane blir fordelt i den vaksne befolkninga. Føremålet med denne rapporten er difor å gi ein sosioøkonomisk omtale og analyse av personar som har mottatt trygderefusjonar for tannbehandling i 2014 i alt og etter dei ulike innslagspunkta. Rapporten viser korleis refusjonar fordeler seg i den vaksne befolkninga etter alder og kjønn, og langs ulike sosioøkonomiske og regionale bakgrunnskjenneteikn. Vidare blir dei utbetalte refusjonane presentert både når det gjeld totalbeløp, gjennomsnitt og median. Ved å gjennomføre logistiske regresjonsanalysar blir i tillegg ulike faktorar analysert for å identifisere statistisk sikre samanhengar mellom det å ta imot tannhelserefusjonar og ulike kjenneteikn ved personane i befolkninga. Dei statistisk sikre samanhengane blir så vurdert i forhold til kvarandre og i forhold til teori og tidlegare empiriske funn på området. Rapporten tek utgangspunkt i data frå KUHR (Kontroll og utbetaling av helserefusjonar) frå 2014, som er blitt kopla med ulike opplysningar frå administrative register i Statistisk sentralbyrå. Resultata i rapporten viser at alder er ein svært viktig faktor for å forklare kven som mottar tannhelserefusjonar. Ulikt behandlingsbehov i ulike aldersgrupper ser ut til å vere ein viktig årsak til delen som mottar tannhelserefusjonar i ulike aldersgrupper. Resultata i rapporten viser elles at det er skilnader mellom mottakarane av tannhelserefusjonar langs sosioøkonomiske og regionale bakgrunnskjenneteikn. Dette gjeld både i alt og etter ulike innslagspunkt. Når det gjeld sosioøkonomiske kjenneteikn, er det fleire som mottar tannhelserefusjonar blant stønadsmottakarar og blant personar med låg utdanning samanlikna med resten av befolkninga. Samstundes viser tala at delen som mottar tannhelserefusjonar blant personar med låg inntekt er lågare enn blant personar som ikkje har låg inntekt. Når det gjeld regionale kjenneteikn viser resultata at delen som mottar tannhelserefusjonar, er høgare blant busette i sentrale kommunar samanlikna med i mindre sentrale kommunar. Høg privat tannlegetettleik ser difor ut til å spele ei rolle for å ta imot refusjonar. Elles viser resultata at dei gjennomsnittlege refusjonsbeløpa per behandla pasient er høgare i grupper med låg sosioøkonomisk status samanlikna med grupper med høgare sosioøkonomisk status. Det kan tyde på at behovet for behandling er høgare i desse gruppene samanlikna med resten av befolkninga. Analyseresultata frå dei logistiske regresjonsmodellane viser òg at alder er den sterkaste forklaringsfaktoren når det gjeld kva som påverkar sannsynet for å ta imot tannhelserefusjonar. Sannsynet for å ta imot refusjonar aukar med alder, fram til det fell i dei eldste aldersgruppene. Aldersfordelinga i mottak av refusjonar ser i hovudsak ut til å vere eit resultat av behandlingsbehovet til ulike aldersgrupper knytt til dei ulike innslagspunkta. Analyseresultata viser elles at det både er sosioøkonomiske og regionale faktorar som påverkar sannsynet for å ta imot refusjonar. Det å vere stønadsmottakar og bu i sentrale kommunar aukar sannsynet for å ta imot tannhelserefusjonar. På den andre sida minskar det å ha høg utdanning og det å ha låg inntekt sannsynet for å ta imot tannhelserefusjonar.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherStatistisk sentralbyråen_US
dc.relation.ispartofseriesRapporter;2015/40
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectHelsetjenesteren_US
dc.subjectTannlegebehandlingen_US
dc.subjectTannhelsetjenesteren_US
dc.titleUtgifter til behandling hos tannlege. Ein sosioøkonomisk analyse av vaksne mottakarar av folketrygdrefusjonaren_US
dc.typeResearch reporten_US
dc.source.pagenumber57en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal