Jordbruk og miljø : Tilstand og utvikling 2014
Report
View/ Open
Date
2015-04Metadata
Show full item recordCollections
- Rapporter / Reports (SSB) [1711]
Abstract
Rapporten Jordbruk og miljø gir statistikk som kaster lys over status og utvikling i
høve til miljømåla for jordbruksnæringa. Framstillinga er inndelt etter ulike tema,
mellom anna basisinformasjon om jordbruket, arealforvaltning, økologisk jordbruk,
gjødsling, plantevern, tilførsel av næringsstoff til vassdrag og hav samt utslepp til
luft. Det geografiske dekningsområdet er heile landet. Statistikken bygger på eit
bredt utval av datakjelder både i og utanfor SSB.
Jordbruksareal og jordbruksbedrifter
Frå 1999 til 2013 er jordbruksarealet i drift redusert med 5 prosent til 9,83
millionar dekar. Fulldyrka jordbruksareal er redusert med 9 prosent til 8,08
millionar dekar, medan areal med innmarksbeite har auka med 28 prosent til 1,55
millionar dekar. Frå 1999 til 2013 er talet på jordbruksbedrifter redusert med 38
prosent. Totalt var det 43 500 aktive jordbruksbedrifter i 2013.
Omdisponering av dyrka jord
Frå 2002 til 2013 er omdisponert areal av dyrka jord blitt meir enn halvert, frå
14 200 til 5 600 dekar.
Økologisk jordbruk
Det økologisk godkjente jordbruksarealet i drift omfatta 477 000 dekar i 2013 og
utgjorde 4,9 prosent av alt jordbruksareal i drift. Talet på økologiske
jorbruksbedrifter var 2 400 og utgjorde 5 prosent av alle jordbruksbedrifter.
Gjødsel
Sum verdistoff i handelsgjødsel var i 2012/2013 om lag på same nivå som på
slutten av 1960-talet. Omsetnaden av nitrogen i handelsgjødsel var på same nivå
som på slutten av 1970-talet. Omsetnaden av fosfor i handelsgjødsel har sidan rundt
1990 vore lågare enn omsetnaden på 1950-talet.
Plantevern
Risikoindikatorane som Mattilsynet har utvikla, viser at miljørisikoen ved bruk av
kjemiske plantevernmiddel gjekk ned med 7 prosentpoeng frå 2008 til 2011.
Helserisikoen auka med 3 prosentpoeng. Berekningane baserer seg på tal frå utvalsteljingane for 2008 og 2011 om bruken av plantevernmiddel på friland i jordbruket.
Tilførsel av næringsstoff til vassdrag og hav
EU sitt rammedirektiv for vatn har som mål at alle ferskvassførekomstar i Noreg
skal ha ein god økologisk tilstand innan 2021. Av dei definerte vassførekomstane i
Noreg, er 62 prosent i god eller særs god tilstand, medan 38 prosent har moderat
eller dårlegare tilstand.
Utslepp til luft frå jordbruket
I 2013 sto jordbruket for 73 prosent av totale utslepp av lystgass (N2O) i Noreg.
Utslepp av ammoniakk (NH3) frå jordbruk har dei seinaste åra utgjort over 90
prosent av dei totale utsleppa i landet.