Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBye, Anne Snellingen
dc.contributor.authorGundersen, Geir Inge
dc.contributor.authorSandmo, Trond
dc.contributor.authorBerge, Gisle
dc.date.accessioned2023-02-24T09:57:15Z
dc.date.available2023-02-24T09:57:15Z
dc.date.issued2005-11-07
dc.identifier.isbn82-537-6869-9
dc.identifier.issn0806-2056
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3053795
dc.description.abstractRapporten omhandlar status og utvikling for gjennomføring av ulike miljøtiltak innan jordbruket, med hovudvekt på tiltak mot avrenning og tap av næringsstoff frå jordbruksareal. I tillegg tek rapporten for seg mellom anna bruk av plantevernmiddel, tilførsel av næringsstoff til kystfarvatna, utslepp av klimagassar og ammoniakk, innsamling av avfall, økologisk jordbruk, omdisponering av areal og endringar i kulturlandskapet. Det geografiske dekningsområdet er heile landet, men enkelte kapittel har spesiell fokus på sårbare område for fosfor (områda som drenerer til Nordsjøen) og nitrogen (områda som drenerer til Indre Oslofjord og strekninga Hvaler - Singlefjorden). Jordbruksareal i drift I følgje SSBs totalpopulasjon for jordbruket var det i 2004 10,36 millionar dekar jordbruksareal i drift i Noreg, der 5,01 millionar dekar, eller 48,3 prosent, låg innafor området som drenerer til Nordsjøen. På landsbasis er auken i jordbruksareal i drift på 9,3 prosent i perioden 1985-2002. Frå 2002 har det skjedd ein reduksjon i jordbruksarealet kvart år. Tal for 2004 viser ein reduksjon på 41 700 dekar i høve til året før. Korn og oljevekstar til modning utgjorde i 2004 om lag 3,33 millionar dekar, eller 32,1 prosent av totalt jordbruksareal i drift. I følgje Utvalsteljing for landbruket blei delen med haustpløgd kornareal redusert frå 81,6 prosent hausten 1989 til 57,4 prosent hausten 1997. Tal frå tilskot til endra jordarbeiding viser at haustpløgd areal utgjorde 49,0 prosent av kornarealet hausten 2004. Våren 2005 var det 1,49 millionar dekar eller 44,9 prosent av det totale kornarealet som låg i stubb over vinteren (areal med all jordarbeiding om våren). I sårbare område for fosfor auka stubbarealet frå 39,1 prosent våren 2000 til 43,4 prosent våren 2005. For 2004/2005 blei det utbetalt 150,7 millionar kroner i tilskot til endra jordarbeiding, fangvekstar og grasdekte vassvegar. Det blei betalt ut tilskot til 1,68 millionar dekar jordbruksareal. Tilskot til fangvekstar auka frå 4,7 millionar i 1999 til 37,7 millionar i 2001. Satsen for tilskot til fangvekstar auka monaleg frå 1998 til 1999, men det gav resultat først i 2000. Frå 2002 blei alle arealsatsane redusert, med størst reduksjon for fangvekstar. I alt blei det utbetalt 21,4 millionar til dyrking av fangvekstar i 2004/2005. Det blei dyrka fangvekstar på 6,8 prosent av arealet med korn- og oljevekstar i 2004.en_US
dc.language.isonoben_US
dc.publisherStatistisk sentralbyråen_US
dc.relation.ispartofseriesRapporter;2005/31
dc.subjectJordbruken_US
dc.subjectForurensningen_US
dc.subjectMiljøvernen_US
dc.titleJordbruk og miljø : Resultatkontroll jordbruk 2005en_US
dc.typeReporten_US
dc.source.pagenumber108 s.en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel