Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorPedersen, Trond
dc.date.accessioned2023-09-19T08:51:07Z
dc.date.available2023-09-19T08:51:07Z
dc.date.issued2007-08-13
dc.identifier.isbn978-82-537-7218-9
dc.identifier.issn0806-2056
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3090328
dc.description.abstractI denne rapporten vert det gjort ein beskrivande analyse av tilpassinga på arbeidsmarknaden for personar som har vært registrerte som yrkeshemma i NAV sitt register over arbeidssøkarar ved arbeidskontora. Undersøkinga er ein vidareutvikling av eit arbeid med å skape eit tabellgrunnlag for vidare analysar av yrkeshemma. Opplysningar om status på arbeidsmarknaden, demografiske kjenneteikn og tiltakshistorie blir nytta som grunnlag for tabellanalysen. Utvalet består av personar som går ut av statusen som yrkeshemma i løpet av første halvdel av 2005, og evalueringstidspunktet er satt til slutten av november same året. Personane blir grupperte etter om dei har delteke i eit tiltak eller ikkje, i tillegg til at dei vidare blir inndelt etter tiltakstype. Yrkeshemma som ikkje går på tiltak, blir kategorisert etter om individa søker attføring, er i kartleggingsfase eller ventar på tiltak. Datamaterialet er basert på kopla data frå ulike administrative register. Utvalet er trekt frå NAV sitt arbeidssøkarregister Arena, og består av til saman 25 923 personar i 2005 (16 165 personar i 2000). Den største delen personar som gjekk ut i arbeid i november 2005 finn me blant dei som deltok på eit tiltak i regi av Folketrygda (består av skule og eigen etablering). Ein part på 51 prosent i denne gruppa var sysselsette i november. Dette har óg vore tilfelle i dei tidlegare analysane av dei yrkeshemma. Yrkeshemma som ikkje går på tiltak har ein lågare del i jobb enn resten av utvalet. Delen sysselsette for denne gruppa var på 35 prosent i 2005. Lønstilskot og varig tilrettelagt arbeid utmerkar seg i kvar sin ende, med sysselsettingsdelar på respektive 81 og 18 prosent.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherStatistisk sentralbyråen_US
dc.relation.ispartofseriesRapporter;2007/27
dc.subjectSysselsettingen_US
dc.subjectArbeidsmarkedeten_US
dc.subjectArbeidsledigheten_US
dc.titleTilpassing på arbeidsmarknaden for personar som går ut av status som yrkeshemma i Arenaregisteret - 2005en_US
dc.typeResearch reporten_US
dc.source.pagenumber18 s.en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel