Jordbruk og miljø. Tilstand og utvikling 2013
Report
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3107301Utgivelsesdato
2014-03Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Rapporter / Reports (SSB) [1733]
Sammendrag
På oppdrag frå Statens landbrukforvaltning skal Statistisk sentralbyrå:
Lage ei årleg papirutgåve av rapporten ”Jordbruk og miljø”
Publisere rapporten ”Jordbruk og miljø” på ssb.no:
http://www.ssb.no/emner/10/04/
Vedlikehalde ein database som beredskap for modellberekningar av
miljøeffektar
Rapporten Jordbruk og miljø gir statistikk som kaster lys over status og utvikling i
høve til miljømåla for jordbruksnæringa. Framstillinga er inndelt etter ulike tema,
mellom anna basisinformasjon om jordbruket, arealforvaltning, økologisk jordbruk,
gjødsling, plantevern, tilførsel av næringsstoff til vassdrag og hav samt utslepp til
luft. Det geografiske dekningsområdet er heile landet. Statistikken bygger på eit
bredt utval av datakjelder både i og utanfor SSB.
Jordbruksareal og jordbruksbedrifter
Frå 1999 til 2012 er jordbruksarealet i drift redusert med 4,4 prosent til 9,93
millionar dekar. Fulldyrka jordbruksareal er redusert med 8 prosent til 8,16
millionar dekar, medan areal med innmarksbeite har auka med 29 prosent til 1,56
millionar dekar. Frå 1999 til 2012 er talet på jordbruksbedrifter redusert med 37
prosent. Totalt var det 44 800 aktive jordbruksbedrifter i 2012.
Omdisponering av dyrka jord
Frå 2002 til 2012 er omdisponert areal av dyrka jord blitt meir enn halvert, frå
14 200 til 6 600 dekar.
Økologisk jordbruk
Det økologisk godkjente jordbruksarealet i drift omfatta 502 000 dekar i 2012 og
utgjorde 5,1 prosent av alt jordbruksareal i drift. Talet på økologiske
jorbruksbedrifter var 2 600 og utgjorde 6 prosent av alle jordbruksbedrifter.
Gjødsel
Sum verdistoff i handelsgjødsel var i 2011/2012 om lag på same nivå som på
slutten av 1960-talet medan omsetnaden av nitrogen i handelsgjødsel var på same
nivå som på slutten av 1970-talet. Omsetnaden av fosfor i handelsgjødsel har sidan
rundt 1990 vore lågare enn omsetnaden på 1950-talet.
Plantevern
Risikoindikatorane som Mattilsynet har utvikla, viser at miljørisikoen ved bruk av
kjemiske plantevernmiddel gjekk ned med 7 prosentpoeng medan helserisikoen
auka med 3 prosentpoeng frå 2008 til 2011. Berekningane baserer seg på tal frå
utvalsteljingane for 2008 og 2011 om bruken av plantevernmiddel på friland i
jordbruket.
Tilførsel av næringsstoff til vassdrag og hav
EU sitt rammedirektiv for vatn har som mål at alle ferskvassførekomstar i Noreg
skal ha ein god økologisk tilstand innan 2021. Av dei definerte vassførekomstane i
Noreg, er 58 prosent i god eller særs god tilstand, medan 42 prosent har moderat
eller dårlegare tilstand.
Utslepp til luft frå jordbruket
I 2012 sto jordbruket for 73 prosent av totale utslepp av lystgass (N2O) i Noreg.
Utslepp av ammoniakk (NH3) frå jordbruk har dei seinaste åra utgjort like over 90
prosent av dei totale utsleppa i landet.