Låg inntekt og tannhelse
Report

View/ Open
Date
2014-05Metadata
Show full item recordCollections
- Rapporter / Reports (SSB) [1733]
Abstract
Det er vist ein relativt klar samanheng mellom inntektsnivå, tannhelsetilstand og
bruk av tannlegetenester i den norske befolkninga (Ekornrud og Jensen 2010b,
2013). Blant dei som er 21 år og eldre er det til dømes slik at låg inntekt etter EUdefinisjonen er ein av faktorane som aukar sannsynet for å ha dårleg eigenvurdert
tannhelse og reduserer sannsynet for å ha god tannstatus. Det er vidare funne at låg
inntekt aukar sannsynet for å bryte med helsemyndigheitene og fagfolka sine
anbefalingar om kor ofte vaksne bør gå til tannlege, samstundes som låg inntekt
aukar sannsynet for ikkje å gå til tannlege ved behov. Det finst likevel fleire mål
for låg inntekt som kan nyttast til å kaste lys over det som gjerne blir kalla
låginntektsgrupper, og det er grunn til å tru at låginntektsgrupper er heterogene ved
at dei inkluderer folk som har låg inntekt av ulike grunner, til dømes medisinske.
Det er i alt fire føremål med rapporten. For det første freistar rapporten å beskrive
kva som kjenneteiknar dei som utgjer låginntektsgruppene, for det andre blir fleire av
funna frå skildringa av låginntektsgruppene analysert og drøfta nærmare, for det
tredje blir ulike tilnærmingar til låg inntekt presentert og diskutert, og for det fjerde
er det eit mål å drøfte vidare arbeid. Til føremåla er det knytt nokre spesifikke
problemstillingar. Bakgrunn, føremål og problemstillingar blir presentert i kapittel 1.
Det er fleire datakjelder og metodar som er tekne i bruk for å oppfylle føremåla og
kaste lys over problemstillingane. Når det gjeld datakjelder er både utvalsundersøkingar og administrative register tekne i bruk, og det er grunn til å trekkje fram
levekårundersøkinga om helse, omsorg og sosial kontakt frå 2008 og 2012 spesielt.
Når det gjeld metodar er det grunn til å nemne litteraturgjennomgang og bruk av
kvantitativ analyse. Datakjelder, avgrensingar og metodar er behandla i kapittel 2.
Det er nokre forskjellar mellom dei ulikt definerte låginntektsgruppene og mellom
personar med låg inntekt og andre grupper i samfunnet langs fleire dimensjonar.
Det gjeld både med omsyn til tannhelsetilstand og bruk av tannlegetenester,
helsetilstand og bruk av (andre) helsetenester og sosial kontakt. Det er liten tvil om
at dei tre låginntektsgruppene som er definert og nytta i rapporten i all hovudsak
kjem dårlegare ut i samanlikningar med andre grupper i samfunnet, men òg at
låginntektsgruppene er heterogene med store forskjellar. Kjenneteikn ved låginntektsgrupper blir diskutert i kapittel 3.
Det er fleire likskapar enn forskjellar mellom låginntektsgruppene som er definert
etter høvesvis EU-, OECD- og kvintildefinisjonen. Det gjeld med omsyn til demografiske kjenneteikn, sosioøkonomiske og regionale kjenneteikn og utvalde helse- og
levekårkjenneteikn. Analyseresultata tyder på at det å vere mann bidreg til å auke
sannsynet for å ha høg hushaldsinntekt, og at same sannsyn minskar med stigande
alder. Når det gjeld sosioøkonomiske og regionale kjenneteikn er både det å ha låg og
høg utdanning viktige faktorar for å forstå låg inntekt, men resultata tyder på at det å
ha høg utdanning er viktigast og at det reduserer sannsynet for låg inntekt. Resultat frå
analysar av låginntektsgrupper og andre grupper blir presentert i kapittel 4.
Det finst fleire ulike mål og definisjonar for låg inntekt. Her er tre ulike mål
diskutert og tekne i bruk i omtale og analyse: EU-definisjon, OECD-definisjon og
kvintildefinisjon. Dei ulike måla har fordelar og ulemper med omsyn til kva for
personar dei inkluderer og kor mykje vekt personar i hushaldet skal ha. For
samanlikningar internasjonalt og for nasjonale oversiktar er det grunn til å tru at
alle dei tre måla som er nytta i rapporten har verdi. Omgrep om låg inntekt og
tilnærmingar i studie av låg inntekt blir kasta lys over i kapittel 5.
Det er to datakjelder som er aktuelle å nytte for å styrke faktagrunnlag på tannhelseområdet. Det er KUHR-databasen som blir forvalta av Helseøkonomiforvaltninga i Noreg (HELFO) og Tandhälsoregistret i Sverige som blir forvalta av
Socialstyrelsen. Begge kjeldene inneheld informasjon om refusjonar, og sistnemnde har dessutan opplysningar om tannhelsa i befolkninga. Oversikt over nokre
unytta kjelder til informasjon blir gitt i kapittel 6.