Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorScheistrøen, Jon
dc.date.accessioned2023-12-19T08:16:58Z
dc.date.available2023-12-19T08:16:58Z
dc.date.issued2014-06
dc.identifier.isbn978-82-537-8958-3
dc.identifier.issn0806-2056
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3108099
dc.description.abstractDenne rapporten er laga av Statistisk sentralbyrå (SSB) på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet (Udir). SSB har i oppdrag å gjennomføre ei årleg undersøking av foreldrebetalinga for fulltidsopphald i kommunale og private barnehagar per januar kvart år. Undersøkinga er no basert på ei totalteljing av alle kommunane i landet, det vil seie 428 kommunar. Gjennomsnittlege månadssatsar utan kostpengar og tilleggsutgifter for fulltidsopphald i kommunale barnehagar for hushald med brutto årsinntekt på 250 000, 375 000 og 500 000 kroner, er på landsbasis høvesvis 2 187, 2 296 og 2 366 kroner per januar 2014. Dei kommunale minimumssatsane ligg i gjennomsnitt på 1 599 kroner, medan gjennomsnittleg maksimumssats ligg på 2 394 kroner. 66 prosent av kommunane, det vil seie 282 av 428, har ein maksimumssats som ligg på sjølve maksimalsatsen på 2 405 kroner. Månadssatsane for hushald med brutto årsinntekt på 250 000 viste oppgang på 2,8 prosent frå januar 2013. Dei andre estimata viste den sama endringa. Per januar 2014 var det 5 kommunar som rapporterte at dei ikkje hadde eit kommunalt barnehagetilbod i kommunen, medan i overkant av 24 prosent rapporterte at dei opererer med eit system for inntektsgraderte betalingssatsar. Satsane er då avhengige av inntekta i hushaldet. Flest kommunar har såkalla "flate" betalingssatsar. Alle kommunane med kommunalt barnehagetilbod byr på syskenmoderasjon for hushald med to eller fleire barn i barnehage. 92 prosent av dei kommunane som rapporterer at dei har privat barnehagetilbod spesifiserer at dei kommunale moderasjonsordningane også gjeld for dei private barnehagane i kommunen. 97 prosent av kommunane spesifiserer at kostpengar ikkje er inkludert i sjølve opphaldsbetalinga, men at dette kjem i tillegg til månadssatsen. 751 prosent av dei private barnehagane i utvalet rapporterer at dei nyttar ein maksimumssats som følgjer fastsett maksimalsats på 2 405 kroner, medan 27 prosent rapporterer at dei tilbyr inntektsgraderte satsar. Alle dei private barnehagane byr på syskenmoderasjon for hushald med to eller fleire barn. Eitt års fulltidsopphald i kommunale og private barnehagar utan kostpengar og tilleggsutgifter kosta på landsbasis i gjennomsnitt 24 413 kroner per januar 2014.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherStatistisk sentralbyråen_US
dc.relation.ispartofseriesRapporter;2014/24
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleUndersøking om foreldrebetaling i barnehagar, januar 2014en_US
dc.typeReporten_US
dc.rights.holder© Statistisk sentralbyråen_US
dc.source.pagenumber27en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal