Funksjonshemma på arbeidsmarknaden i 2014
Report
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3108859Utgivelsesdato
2014-11Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Rapporter / Reports (SSB) [1689]
Sammendrag
Formålet med undersøkinga er å kartlegge situasjonen for dei funksjonshemma på
arbeidsmarknaden og sjå korleis den utviklar seg over tid.
15 prosent av befolkninga i alderen 15-66 år oppgav i 2. kvartal 2014 å ha ei
funksjonshemming, her definert som fysiske eller psykiske helseproblem av meir
varig karakter. Av desse var 43 prosent i arbeid, mens det i befolkninga totalt i
alderen 15-66 år var 75 prosent i arbeid. Dette var på om lag same nivå som året
før. Likevel er det blitt fleire med heiltidsarbeid blant dei funksjonshemma.
Frå 2002, då desse undersøkingane starta opp, til 2014 har sysselsetjingsprosenten
falle med om lag tre prosentpoeng for dei funksjonshemma, samanlikna med to
prosentpoeng for heile befolkninga.
Tre av fem tilsette hadde fått arbeidssituasjonen tilpassa funksjonshemminga. Dette
er i tråd med resultata for dei føregåande sju år. Jamført med 2002, då dette
spørsmålet var med for første gong, er det ein auke på 16 prosentpoeng. Av dei
som ikkje hadde fått noka tilrettelegging, meinte 16 prosent at det var behov for
dette.
Blant dei funksjonshemma som ikkje var i arbeid i 2. kvartal 2014, var det 28
prosent som ønskte seg eit arbeid. Det er på same nivå som i 2002, då desse
undersøkingane starta opp, og dessutan nokså likt med dei seks siste åra når ein tar
omsyn til feilmarginen i AKU. Også i befolkninga i alt som ikkje var i arbeid, var
det 28 prosent som uttrykte ønske om arbeid i 2014.
Ikkje alle som ønskjer arbeid, blir rekna som arbeidsledige slik dette blir definert i
statistikken. Av dei 85 000 funksjonshemma med ønske om arbeid var det 18
prosent (15 000) som blei klassifiserte som arbeidsledige. Til samanlikning var det
250 000 ikkje-sysselsette i heile befolkninga med ønske om arbeid, og av dei blei
36 prosent (91 000) rekna som ledige, slik dette er definert i AKU.
To av tre personar med funksjonshemming oppgav i 2. kvartal 2014 å motta ein
eller fleire stønader som følgje av funksjonshemminga. Av dei sysselsette
funksjonshemma var 41 prosent stønadsmottakarar. Tala over stønadsmottak har
halde seg relativt stabile i fleire år.
For dei som deltok i undersøkinga både i 2013 og i 2014, var 37 prosent sysselsett
på begge tidspunkt, mens 51 prosent var utanfor arbeidsstyrken. Om lag fem
prosent gjekk ut av sysselsetjing og tre prosent motsett veg.