Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorScheistrøen, Jon
dc.date.accessioned2023-12-27T12:19:43Z
dc.date.available2023-12-27T12:19:43Z
dc.date.issued2013-06
dc.identifier.isbn978-82-537-8700-8
dc.identifier.issn0806-2056
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3108921
dc.description.abstractDenne rapporten er laga av Statistisk sentralbyrå (SSB) på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet (Udir). SSB har i oppdrag å gjennomføre ei årleg undersøking av foreldrebetalinga for fulltidsopphald i kommunale og private barnehagar for januar kvart år. Undersøkinga er no basert på ei totalteljing av alle kommunane i landet, det vil seie 428 kommunar. Gjennomsnittlege månadssatsar utan kostpengar og tilleggsutgifter for fulltidsopphald i kommunale barnehagar for hushald med brutto årsinntekt på 250 000, 375 000 og 500 000 kroner, er på landsbasis høvesvis 2 125, 2 258 og 2 298 kroner per januar 2013. Dei kommunale minimumssatsane ligg i gjennomsnitt på 1 564 kroner, medan gjennomsnittleg maksimumssats ligg på 2 326 kroner. 93 prosent av kommunane, dvs 399 av 428, har ein maksimumssats som ligg på sjølve maksimalsatsen på 2 330 kroner. Månadssatsane for hushald med brutto årsinntekt på 250 000 viste nedgang på 0,7 prosent frå januar 2012, medan dei andre estimata viste minimale endringar. Per januar 2013 var det 4 kommunar som rapporterte at dei ikkje hadde eit kommunalt barnehagetilbod i kommunen, medan i overkant av 23 prosent rapporterte at dei opererar med eit system for inntektsgraderte betalingssatsar. Satsane er då avhengig av hushaldet si inntekt. Flest kommunar har såkalla "flate" betalingssatsar. Alle kommunane med kommunalt barnehagetilbod byr på syskenmoderasjon for hushald med to eller fleire barn i barnehage. 93 prosent av dei kommunane som rapporterar at dei har privat barnehagetilbod spesifiserar at dei kommunale moderasjonsordningane også gjeld for dei private barnehagane i kommunen. 98 prosent av kommunane spesifiserar at kostpengar ikkje er inkludert i sjølve opphaldsbetalinga, men at dette kjem i tillegg til månadssatsen. 931 prosent av dei private barnehagane i utvalet rapporterar at dei nyttar ein maksimumssats som følgjer fastsett maksimalsats på 2 330 kroner, medan 28 prosent rapporterar at dei tilbyr inntektsgraderte satsar. Alle dei private barnehagane byr på syskenmoderasjon for hushald med to eller fleire barn. Eit års fulltidsopphald i kommunale og private barnehagar utan kostpengar og tilleggsutgifter kosta på landsbasis i gjennomsnitt 23 593 kroner per januar 2013.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherStatistisk sentralbyråen_US
dc.relation.ispartofseriesRapporter;2013/28
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleUndersøking om foreldrebetaling i barnehagar, januar 2013en_US
dc.typeReporten_US
dc.rights.holder© Statistisk sentralbyråen_US
dc.source.pagenumber29en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal