Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar, januar 2015
Research report

View/ Open
Date
2015-06Metadata
Show full item recordCollections
- Rapporter / Reports (SSB) [1527]
Abstract
Statistisk sentralbyrå gjennomfører ei årleg undersøking av foreldrebetalinga for
fulltidsopphald i kommunale og private barnehagar for januar kvart år.
Undersøkinga er no basert på ei totalteljing av alle kommunane i landet, det vil seie
428 kommunar.
Gjennomsnittlege månadssatsar utan kostpengar og tilleggsutgifter for fulltidsopphald i kommunale barnehagar for hushald med brutto årsinntekt på 250 000,
375 000 og 500 000 kroner, er på landsbasis høvesvis 2 199, 2 337 og 2 416 kroner
per januar 2015. Dei kommunale minimumssatsane ligg i gjennomsnitt på 1 656
kroner, medan gjennomsnittleg maksimumssats ligg på 2 471 kroner. 61 prosent av
kommunane, dvs. 261 av 428, har ein maksimumssats som ligg på sjølve
maksimalsatsen på 2 480 kroner. Månadssatsane for hushald med brutto årsinntekt
på 250 000 viste oppgang på 2,7 prosent frå januar 2014. For hushald med brutto
årsinntekt på 375 000 og 500 000 kroner var oppgangen høvesvis 1,8 og 3,1
prosent.
Per januar 2015 var det 5 kommunar som rapporterte at dei ikkje hadde eit
kommunalt barnehagetilbod i kommunen, medan 24 prosent rapporterte at dei
opererer med eit system for inntektsgraderte betalingssatsar. Satsane er då
avhengig av hushaldet si inntekt. Flest kommunar har såkalla "flate" betalingssatsar. Alle kommunane med kommunalt barnehagetilbod byr på syskenmoderasjon for hushald med to eller fleire barn i barnehage. 89 prosent av dei
kommunane som rapporterer at dei har privat barnehagetilbod spesifiserer at dei
kommunale moderasjonsordningane også gjeld for dei private barnehagane i
kommunen. 97 prosent av kommunane spesifiserer at kostpengar ikkje er inkludert
i sjølve opphaldsbetalinga, men at dette kjem i tillegg til månadssatsen.
64 prosent av dei private barnehagane i utvalet rapporterer at dei nyttar ein
maksimumssats som følgjer fastsett maksimalsats på 2 480 kroner, medan 26
prosent rapporterer at dei tilbyr inntektsgraderte satsar. Alle dei private
barnehagane byr på syskenmoderasjon for hushald med to eller fleire barn.
Eit års fulltidsopphald i kommunale og private barnehagar utan kostpengar og
tilleggsutgifter kosta på landsbasis i gjennomsnitt 25 196 kroner per januar 2015.