Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar, januar 2012
Research report
View/ Open
Date
2012-06-27Metadata
Show full item recordCollections
- Rapporter / Reports (SSB) [1690]
Abstract
Denne rapporten er laga av Statistisk sentralbyrå (SSB) på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet (Udir). SSB har i oppdrag å gjennomføre ei årleg undersøking av foreldrebetalinga for fulltidsopphald i kommunale og private barnehagar for januar kvart år. Undersøkinga er no basert på ei totalteljing av alle kommunane i landet.
Gjennomsnittlege månadssatsar utan kostpengar og tilleggsutgifter for fulltidsopphald i kommunale barnehagar for hushald med brutto årsinntekt på 250 000, 375 000 og 500 000 kroner, er på landsbasis høvesvis 2 145, 2 262 og 2 297 kroner per januar 2012. Dei kommunale minimumssatsane ligg i gjennomsnitt på 1 592 kroner, medan gjennomsnittleg maksimumssats ligg på 2 324 kroner. 92 prosent av kommunane, dvs 393 av 429, har ein maksimumssats som ligg på sjølve maksimalsatsen på 2 330 kroner. Månadssatsane for hushald med brutto årsinntekt på 250 000, 375 000 og 500 000 kroner hadde ei endring på høvesvis 1,9, 1,1 og 0,9 prosent frå januar 2011.