Eksakte metodar for analyse av tovegstabellar
Report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/181077Utgivelsesdato
1980Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Rapporter / Reports (SSB) [1706]
Sammendrag
Dei fleste matematisk-statistiske metodane som er utvikla
til analyse av tabellar, byggjer på føresetnader om at talet på
observasjonar i tabellcellene er "stort. Haldorsen (1977a) og
(1977b) omtalar metodar som kviler på dette kravet.
I denne rapporten skal vi presentere eksakte metodar for analyse
av to-vegstabel lar, dvs. metodar som er gyldige sjølv om vi har småe
observasjonstal i tabellcellene. I mange undersøkingar vil observasjonane ofte gi uttrykk for kva slags
kategoriar for aktuelle kjennemerke kvar av individa (einingane) høyrer til.
Data av denne typen kallar vi kategoriske.
Ved å klassifisere individa frå ei undersøking med kategoriske data
med omsyn på eitt eller fleire kjennemerke, får vi ein tabell som viser kor
mange individ som fell under kvar av dei ulike kombinasjonane av kategoriane
for kjennemerka. Dei fleste publikasjonane frå Statistisk Sentralbyrå inneheld
slike tabellar. Tabellar som er resultat av ei kryssklassifisering
mellom to kjennemerke blir kalla to-vegstabellar. Den enklaste av desse
er 2x2-tabellen. Denne f ramkj em når kvart kjennemerke berre har to kategoriar.
Vi skal studere to-vegstabellar der observasjonane er genererte frå
ein av følgjande tre modellar: Poisson, multinomisk eller produktmultinomisk.