Jordbruk og miljø : Resultatkontroll jordbruk 2005
Report
View/ Open
Date
2005-11-07Metadata
Show full item recordCollections
- Rapporter / Reports (SSB) [1713]
Abstract
Rapporten omhandlar status og utvikling for gjennomføring av ulike miljøtiltak innan jordbruket, med hovudvekt på tiltak
mot avrenning og tap av næringsstoff frå jordbruksareal. I tillegg tek rapporten for seg mellom anna bruk av plantevernmiddel, tilførsel av næringsstoff til kystfarvatna, utslepp av klimagassar og ammoniakk, innsamling av avfall, økologisk
jordbruk, omdisponering av areal og endringar i kulturlandskapet. Det geografiske dekningsområdet er heile landet, men
enkelte kapittel har spesiell fokus på sårbare område for fosfor (områda som drenerer til Nordsjøen) og nitrogen (områda
som drenerer til Indre Oslofjord og strekninga Hvaler - Singlefjorden).
Jordbruksareal i drift
I følgje SSBs totalpopulasjon for jordbruket var det i 2004 10,36 millionar dekar jordbruksareal i drift i Noreg, der 5,01
millionar dekar, eller 48,3 prosent, låg innafor området som drenerer til Nordsjøen. På landsbasis er auken i jordbruksareal i
drift på 9,3 prosent i perioden 1985-2002. Frå 2002 har det skjedd ein reduksjon i jordbruksarealet kvart år. Tal for 2004
viser ein reduksjon på 41 700 dekar i høve til året før.
Korn og oljevekstar til modning utgjorde i 2004 om lag 3,33 millionar dekar, eller 32,1 prosent av totalt jordbruksareal i
drift. I følgje Utvalsteljing for landbruket blei delen med haustpløgd kornareal redusert frå 81,6 prosent hausten 1989 til
57,4 prosent hausten 1997. Tal frå tilskot til endra jordarbeiding viser at haustpløgd areal utgjorde 49,0 prosent av
kornarealet hausten 2004. Våren 2005 var det 1,49 millionar dekar eller 44,9 prosent av det totale kornarealet som låg i
stubb over vinteren (areal med all jordarbeiding om våren). I sårbare område for fosfor auka stubbarealet frå 39,1 prosent
våren 2000 til 43,4 prosent våren 2005.
For 2004/2005 blei det utbetalt 150,7 millionar kroner i tilskot til endra jordarbeiding, fangvekstar og grasdekte vassvegar.
Det blei betalt ut tilskot til 1,68 millionar dekar jordbruksareal. Tilskot til fangvekstar auka frå 4,7 millionar i 1999 til 37,7
millionar i 2001. Satsen for tilskot til fangvekstar auka monaleg frå 1998 til 1999, men det gav resultat først i 2000. Frå
2002 blei alle arealsatsane redusert, med størst reduksjon for fangvekstar. I alt blei det utbetalt 21,4 millionar til dyrking av
fangvekstar i 2004/2005. Det blei dyrka fangvekstar på 6,8 prosent av arealet med korn- og oljevekstar i 2004.